Uncategorized

Våt sokk

Det var det, ferdig med semesteret og godt på veg inn i feriemodus. Skal berre kvitte meg med kjensla av å vere ein våt sokk først. Eg har nemleg gjort sjakktrekket igjen og utsett eksamensinnleverina mi til siste kvelden. Litt inproduktivitet på starten av dagen og ei aldri so lita dille på gamle arkadespel gjorde sitt for å halde meg vak utover.

Og no set eg her i morgonkåpa mi og har akkurat fått avgårde eit stykk litterært katastrofeområde til sensur på høgaste hald. Om litt under en time skal eg på jobb og eg veit ikkje heilt om det er ein god idé.

Som ein konsekvens av at eg ikkje har hatt blund på auget dei siste 32 timane har huda mi blitt litt lilla. Fotane mine og fingrane er kalde fordi blodomløpet ikkje er heilt i lage. Eg har prøvd å ete litt, men alt smakar papp. Kort sagt; dette kan bli ein lang dag.

Til trøst har eg funne eit slangespel som eg kan sulle med, den neste halvtimen før eg må gå. Det kan få lov til å bu nederst på bloggeloggen min til glede for alle dykk andre, etter min bortgang.

Standard

3 thoughts on “Våt sokk

  1. kjære hjørdisvenn. du må ikke bli lilla! sant nok, det matcher kanskje den grønne kjolen din, men ellers er det en skikkelig uanstendig farge å flæshe seg med. hold ut! snart ferie, darling.

    og ellers; takk for at du gav meg en snakeoppvåkning. jeg kommer ikke til å gjør annet er jeg redd.

  2. Stine seier:

    Hihi… Stakkars Hjørdis. Vet akkurat hvordan det er, er et megainferno av et skippertaksmenneske selv… Men tenk! Nå er det ferie!

    Ble du ferdig med julegavene?

  3. Hjordor seier:

    Tja, alt e relativt. Ej he fått unna dei mest essensielle gåvene, men e ganske akterutsegla på kanskje-gåvefronten…

    Og no e ej isolert på ein vesle holme fram til den 24, so tvila på det bli nokken fleire sprell me mej

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s