Uncategorized

Akademia dekadensia

Breiddetesten er teken,
eg har talt,
Men er svara mine presise nok? Dekkjer dei sentrale deler av pensum utan å bli for vage og subjektive.
Dei er i allefall fyldige nok, det herskar det lite tvil om. Tradisjonen tru sprente eg rammene for anbefalt omfang med dryge 2 sider tekst. Akk, greier aldri det der.
Eg trur det er best eg døyver panikken med litt gløgg. Gløgg med raudt i. =)
Slik går livet tapt og blir til intet mine venner. Gløggen nøytraliserar sansane mine og sløvar meg. Gjer verdi uklår og ska. Automatisert er ho nok ikkje, men vag og døsig. Sklovskij skulle ha sett meg no, kva ville han ha sagt til slik åtferd. Eller Aristoteles;

-Er dette måtehald Hjørdis? Hæ, kva sa du sa du? Er dette den gylne middelveg? Ta deg ei drue!! Krydderi i gløggen, rosiner, mandelbitar, mandarinar. RAUDVIN, midt på ljose dagen! Eig du ingen skruplar? Strebar ikkje du, som alle oss andre etter eit givande, fullendt liv? LEgg det overflødige til side og følg med meg, mot framtidig stordom, realiser ditt innerste potensiale!

-øhm, vel, vent litt, skal berre… (sitat: Albert Åberg)

Men men, til inntekt for sjeleroa tek vi oss tid til å drodle litt i skrivebokji.

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s