Uncategorized

Eit etterlengta nytt innlegg

Eg tek oppfordringa frå Oddny på strak arm. Slutt på bloggetørka frå no av! (og alle hjarte frydar seg, sant ?)

DEt er ikkje so greit forstend seg, når ingenting som lignar på studentkort fungerar og internettilgongen i heimen er avgrensa til ein halv kvadratmeter innerst i hjørnet, ja faktisk på vippen i glaskarmen av rommet til Vilde. Det skal ikkje ta meir enn fire veker sa dei, å få installert breiband heromkring. … PAH! Jaggu sa eg smør, snakkast til jul folkens

Det har vore hektisk aktivitet i kollibrireiret dei siste par vekene. Først jobba eg livskiten av meg borte på Hordaheimen (på eige initiativ), deretter var det fadderveke med sus, dus og gyllen drykk og so gjorde den harde kvardagen atter sitt inntog. Litt innimellom har Runa og Vilde flytta inn i heimen (To sprudlekjekke folk. Den eine er hekta på speed, den andre på tomatsupe. Begge er positivt innstilt til blondegardiner, sånn i tilfelle nokon lurte på det.) Elles har vi hatt eit søskenbarn, to turistar, eit par foreldre og ein sørlending på vitjing. Litt sånn fordelt utover.

For eit par veker tilbake oppedaga vi brukthuset. Ein fantastisk stad å sulle rundt på. Dei har alt du måtte finne på å ønskje deg av nedstøva objekt. Av alle dei gjenstandane vi kom snublande ut derifrå med (ca 3) utmerka ein seg. Kollibrien har no flytta inn i Repslagerbakken.

Kollibrien er ein lakseraud/korallfarga sitjereiskap med grøne og brune detaljar som det kjem til å bli eit slit å kombinere med noko som helst. Namnet stammar frå ein heil liten skare fuglar som er å finne innsydd i mønsteret. Ein kan like eller mislike trekket, men ein ting er sikkert, den er fantastisk å søve på. Dette er stadfesta ved empirisk forsking.

Då gidd eg ikkje skrive meir. Rettare sagt, eg må bortom Hordaheimen og rydde i timelistene mine før det er for seint. Hadde ikkje ork til det i forrigårs, då eg slo min personlege rekord, og jobba 17,5 timar i strekk.

Hepp hepp

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s