Uncategorized

Tankereferat

Det er att berre eit par veldig små døger no, før pikkpakket må pakkast saman og oss to tuttene skal på heisatur til Roskilde. Eg er den eine, og den andre heiter Else. Else er på vitjing i Pe-garden no om dagane. Vi skal dele telt og jodle saman i bussen på veg sydover. Kva buss det er snakk om er enno litt uvisst. Vi ringde på ei annonse om Roskildebuss som dukka opp i sumpen for ein månads tid tilbake. Ho vi traff i andre enden hørtest rar ut, og sa ho skulle ringe tilbake når det tok til å lakke mot avreise. Det lakkar no mot avreise. Vi har enno ikkje funne nokon anstendig B-plan. Eg er redd. I moderat grad, men ja, det skal nok ordne seg. Det ordnar seg alltid for snille søtnosar…

Vi har altfor mykje rabarbra i hagen vår. Vi rekk aldri å ete noko særleg av han før stilkane blir overgrodde og seige. Det er plage med ressursar som berre svinn ut i det store tomrommet. Eg har ikkje lyst på rabarbra, men kjenner eit slags ansvar for tingestane.

Det er forresten fleire tingestar heromkring som eg kjenner eit visst ansvar for. 34 firbeinte damer med ca eit jur og fire spenar kvar. Visste du at kyr kan ha meir enn 4 spenar? Dessutan er kurapar ikkje like uskuldige som vi tidlegare har teke for gitt.

Sjå berre kva eg fann på forskning.no



Rapende kyr bidrar til global oppvarming 13.mai 2002 Utslipp av
metangass fra rapende kyr og sauer er et stort miljøproblem for
New Zealand. Dyrene er ansvarlig for over 40 prosent av landets
drivhusgassutslipp. Men nå har forskerne funnet ut hvordan de
kan redusere utslippet.

Det viser seg nemlig at det kjemiske stoffet tannin kan redusere mengden
metangass som dyrene slipper ut, skriver BBC News. Tannin er et
gul-brunt stoff som finnes i mange planter og også i epler og rødvin.
Forsøk har vist at ved å fôre dyrene med tanninholdige planter, kan

gassutslippet fra dyrene reduseres med hele 16 prosent.

Oi, saft suse, eg har fullstendig glømt av tevatnet mitt. Slikt gjeng ikkje ann må vite! Er glad for at det er vått og ekkelt ute akkurat no, for då slepp eg å drakse fram plenklipparen slik som mor tenkte eg skulle få lov til i dag. *KNEGG KNEGG*

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s