Uncategorized

Operasjon Bopel 2

Rapport frå Bergen

Eg pakka eit knippe av eigenlutane mine
og gjorde valfart til Bergen på visitt
på vitjing til Anne og alle dei hine (les:andre)
Nytta høvet til å sjå meg omkring bittelitt

Tross at alt var berre gammen og fryd
vog ein jammer som bly i min hug
eg sa til meg sjølv; “tolmod e en dyd,
øss finn væll te slutt en bopel so dúg”

Dei første dagane på vift bar preg av latter og øl
Det var kjentfolk og sol i massevis
Men snart kom “Operasjon bopel” på rettare kjøl
Etter fire traurige visningar vart eg heldiggris!

Eg tusla målet i møte med snøgge steg
til Repslagerbakken 1a, opp ei trapp.
Eg gliste, som få har glist før meg
var med pennen i labb, lynande rapp!

Eureka! Vi har funne eit krypinn, eit husrom!
Det er mest for godt, til at eg kan det tru.
Av lukke og triumf er eg langt frå stum,
men jodlar i veg som ei våryr ku.

(hehe, litt nødrim på slutten der)

Standard

One thought on “Operasjon Bopel 2

  1. A seier:

    Fantastisk bra🙂Gler meg til du flyttar sørover og blir nesten-nabo. Husk at døra her er open så sant eg er heime, får eg ein lyd på førehand er det til og med mogleg eg har litt snask og ein tekopp klar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s