Uncategorized

Operasjon Bopel

Då er eg vel framkomen og utpakka i Bergen. Mi kjære kusine Anne har vore so elskverdig å låne meg seng & søvepøse for ei vekes tid, medan eg sullar rundt i Bjørgvin på leit etter bopel. Det tek til å knyte seg i nakkevirvlane no, kva dersom alt snopet er vekkleigd. Nei!, vil ikkje hamne i eit rottehol av ein kjellar med skammykje husleige og skog til nabo, vil ikkje!

Men men, oddsa er vel eigentleg ganske gode for at vi skal kunne grave tak i noko brukbart. Det gjeld berre å halde ei ukulig ånd!

Å bopel, du som står der kald og tom
ver ikkje vrang og skap deg slik
kom til meg, ja eg seier; berre kom!
Eg vil vere hjå deg, tross eg ikkje er rik

Å bopel, du med dine yndige skråtak
Del ditt innerste indre med meg
Eg skal fylle ditt husrom med hjarterom bopel
gje deg eit sokalla heimekjært preg

Å bopel, eg pinast, kvi let du deg ikkje syne?
Dine slitne mukje møblar, høyr dei gret seg til sova
Har einkvan annan teke med seg sin tannkost og dyne
og gjort seg husvarm i bopelen som var meg lova

jepp, hepp,
talast godtfolk!

Standard

2 thoughts on “Operasjon Bopel

  1. Hjordor seier:

    joda, det er slettes ikkje gale fatt med det heller. Kr 3150 per pers+ straum då, men med digg inklusive (digg= internett og kvitt)Ej gler mej som ein smårolling til å gjere inntog i Bjørgvin =) DEt blir knasbra!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s