Uncategorized

Vaskekjerringa rapporterar

Då er eg i god gang med å påføre meg sjølv nedsette sjelsevner ved overdriven sniffing av løysemiddel i arbeidstida. Det skal heftige mengder salmiakk til for å kvitte seg med skit frå eit heilt år kattevasking. Eg er att på Lillehammer denne og neste veke for å hjelpe til med nedvasken på Nansenskulen, der eg har sulla rundt det siste året…
Med på laget har eg kjøkkenstabben og to tidlegare medstudentar (Else og Kirsten; Trøndertutte og Ex-nonne). Vi har det rett triveleg skal eg seie dykk. I storsalen er det kinosal på kveldane, med alt som høyrer til av snadder, teppe, skratt og visuell kultur. I kveld står “Den Lille Havfrue” på tapetet. Vi gjer ei nostalgigreie og planlegg syng-med-modus. Gromme greier.
Men hepp hepp, støvkluten kallar i det fjerne… Ergo; Hjørd må tusle

Standard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s