Kuriosa, Retorikk og språk

Om hjernehalvdelane våre!

I dette vedunderleg flott illustrerte videoforedraget fortel psykiateren Iain McGilchrist oss kva det er hjernehalvdelane våre driv på med. Han stiller seg i opposisjon til den klassiske førestillinga om at den høgre hjernehalvdelen vår er emosjonell og den venstre rasjonell, men gjev til gjengjeld ei meir mangfaldsrik og nyansert framstilling av kva slags prosessar det er som går føre seg bak augene våre og gjer at vi handlar og tenkjer som vi gjer.

Skulle ynskje eg ikkje synest hjernemasse og skjelett og biologi etc. var så ekkelt ellers skulle eg ha kasta meg over ein stabel neuro-lingvistisk/kognitiv-psykologisk faglitteratur pronte. Dette er så spennande stoff at eg nesten ikkje får puste!

Snubla over klippet på den vedunderlege nettstaden TED.com: Her er lenkja!

Standard
Kvardagsfilosofi, Musikk

Stresshandteringsleksjon 1

Sufjan egnar seg uhørt godt til bakgrunnsdrøs på master-/ specialekontor. Roar nervane. Gjer deg i stand til å trekke pusten meir jamt og mindre hektisk. Dessutan får Sufjan deg til å tenkje at du har andre og potensielt meir verdifulle ting her i livet å bekymre deg for, enn kva slags karakter du endar opp med å få stempla på rullebladet i siste akt av studieløpet (aka livet som vi kjenner det). Av og til kan det kjennast ut som heile eins vesen og sjølvverd er hengt opp på det eine parameteret. Og det er jo sjølvsagt berre tull og vas. Men ein klarer jo ikkje heilt å slå det frå seg heller då. Ei anna utsøkt kjelde til nerveberoligelse på lesesalen er nettstaden “The scale of the Universe 2“. Særlig med lydspor (!) er dette din nøkkel til eit lukkelegare liv i møte med store, krampeaktige sjølvverdstrusslar av akademisk art. Innan enkelte studieretningar kan den til og med nesten seiast å vere pensumrelevant. Betre makroperspektivleverandør skal du leite lenge etter:

Standard
Mat

Drinkmiks-buddy eller pur pyntefrukt?

I samband med gjennomføringa av min aller siste muntlege eksamen nokonsinne (!) tok eg turen innom Magasin du Nord på veg heim for å roe nervane. Eit kjøpesenter er vel kanskje ikkje den mest opplagte staden for å roe nervar, men dette kjøpesenteret her ligg hendig plassert midt i løypa for metroen heimover og har dessutan ein eksemplarisk snobbe-matbutikk i kjellaretasjen der ein alltid er garantert å finne kaldt småkvasst ingefærøl, fiffig innpakka ostar og minst eit brett med gratismat / smaksprøver. Mao. perfekt plass å parkere et nyeksaminert matvrak med middels god impulskontroll.

Så, denne torsdagen hadde eg tenkt meg til å kjøpe kakaobønnebitar. Sånn her superfoodgreie som eg hadde fått det for meg ville vere perfekt til pauseunderhaldning på specialekontoret. Ikkje så godt at ein foret seg på det, men ei heller så kjipt at det forblir urørt. Kakaobønnane var ingen stad i sikte, men i staden kom eg over denne darlingen her:

Ja, kva skal ein seie til denne, ein kiwano mine damer og herrer. Cucumis metuliferus, også kjent under ei rekke meir festlegare namn, som mellom anna afrikansk hornagurk, hornmelon, blåsefiskfrukt(!), og overaskande nok; engelsk tomat.

Skal ein tru dette søte vesle biletet er også nashornfrukt eit mogleg binamn. Elskar at den har sin eigen teikneseriefigur! (også sjølv om den ser litt ut som ein pokémon)

Akkurat når du trur du har sett alt moder jord har og by på dreg ho altå denne opp av hatten! Ei underleg sak. Knall guloransje og full av små horn, fast i fisken og på storleik med ei pinjekongle/ litt stort eple. Og tilsynelatande slektninglaus. Frukta ser vanvittig flott ut på utsida, og skuffar heller ikkje i so måte ein millimeter på innsida. Når du splittar kiwanoen i to kjem det til syne eit sinnsrikt system av frøkammer. Frøa er innhylla i knall grøne kapper, og minner ikkje så reint lite om store agurkfrø. Likeins er konsistensen ganske agurkaktig, men både litt blautare og mindre handterleg pga. litt hardare fruktkammerveggar som hindrar skeia sin gang gjennom kjøtet.

Kva er så opphavet til skapningen?

Den fortrinnlege folkeopplysningssida frukt.no kan informere om følgjande:

“Kiwano er en frukt som er i slekt både med agurk og melon, og har sin opprinnelse i Afrika. Den har vært kjent i Afrika i hundrevis av år, men er likevel en nyhet på markedet. Så sent som i 1980-årene bestemte en farmer i New Zealand seg for å satse på denne frukten og patenterte navnet Kiwano.”

Akkurat, så var slektskapsbanda klarerte, men bruksområda derimot, er stadig meir uklare. Same, ellers eminente folkeopplysningsside klamrar seg på dette punktet til halmstråa ved å påpeike at kanskje det er moglegå integrere kiwanoen i ein rekecocktail, eller ein fruktbowle og sluttar hendig av med at kiwanoen “Egner seg fint som slankemat.” Slikt eit skullsmål styrker den standhaftige tesa om at det vanlegvis er ein grunn til at du aldri har høyrt om frukter du aldri har høyrt om. Veganer-bloggaren Susan Voisin gjev oss den litt meir frittalande versjonen:

Do not under any circumstances buy a kiwano if you are hungry and think you might try to eat it. Trust me. This baby’s for decorative purposes only! So why did I buy a kiwano? Sheer ignorance–and a daughter who gets excited about new fruit. [kjelde]

Altså, kort sagt, det ser ut som ei frukt, men er per praksis heller ein litt ugjestmild grønnsak vi har med å gjere. Du veit den smaken agurk får når den ikkje enno er direkte dårleg, men berre litt dvask og overmogen? Den der litt syrlege bismaken. Jepp, der har du han, smaken av kiwano ispedd antydningar av banan og lime, kanskje? Skuffelsen ved første skei var unekteleg stor. Det er ei forbanning som kviler over desse spraglande vakre framandfruktene, at vi trur dei skal smake som dei ser ut. Men kanskje er likevel ikkje dommen heilt rettferdig. Som med det meste anna handlar det like mykje om forventingsavstemming som kvalitet. Komplimentærsmak heiter det, og det kan vere fint nok når ein berre er førebudd. Neppe verdt kronene den kostar i daglegdagen, men eg synest etterkvart at smaken grodde på meg. Ein frukost frå tid til anna kan godt komplimenterast av det her. Kiwanoen er ikkje ein lekkerbisken til fruktfatet, men eg tippar den også kan vere ganske fantastisk i ymse “tørrare” drinkar, og for den del også i rekecocktail, sjølv om dette virkar litt sært som allment bruksråd. Wikipedia har på dette punktet ingenting å bidra med, men kan til gjengjeld opplyse om at kiwanoen har gjort gjesteopptreden i opptil fleire velkjende TV-seriar:

Kiwano i Charmed

Kiwano i Venner for livet

Denne karen har også eit bud på korleis du kan fikse kiwano-biffen som det kan vere verdt å la seg inspirere av, dersom du faktisk har tenkt å bruke frukta til noko. Forfriskande at det finnest folk på internett som faktisk likar frukta:

Bon apetit!

Standard
Mat

Årets første mataukprosjekt: Ramslaukpesto

Ramslauken (allium arsinum) er ein sabla flott vekst! Smaksmessig liknar han på kvitlauk, men er kanskje ikkje fullt så skarp i det. Snarare har vi vel med ein mellomting mellom kvitlauk og graslauk å gjere. Han veks i nordlege strøk, klarer seg sjølv og leverer varene i tida mellom påske og pinse. Tradisjonelt har han vore underskatta som matplante til fordel for medisinsk bruk, men i seinare tid har ramslauken slått seg opp som ein regelrett “hotshot”. Sannsynlegvis også litt fordi den har eit slikt flott namn. Alle “nordiske” menykort vinn stjerner i margen når dei legg inn litt ramslaukolje eller garnityr her og der. Forståeleg nok! Vikingkvitlauk FTW. Bilete

Når du først finn ein flekk med ramslauk er jobben meir eller mindre gjort av seg sjølv, ettersom denne veks i lett plukkbare, passe store busker med blad i ei tid på våren når det meste anna av vekstar ligg litt lågare i terrenget. Heile sulamitten er eteleg og stilken lett å rive av. Den største utfordringa er å hugse stor nok plukkesekk eller kanskje snarare, å ikkje plukke meir enn du klarer å gjere i stand etterfylgjande. Underteiknande brukte 15 minutt på å plukke, og deretter omtrentleg 3,5 timar på kjøkkenet med stavmiksaren. Pluss slengtid på løpestikkeslang i hagen. Resultatet vart 8 stykk velfylte glas med ramslaukpesto. Iblanda følgjande: ramslaukblad, masse olivenolje, mandlar, solsikkekjerner, salt, litt sukker, syrigras, litt eddikk og løpestikkestilkar. Mums.

Bilete

Standard